19. December 2025

🎄 Tusen takk for ein fin dag på Jul i Førdehuset 🎄

Laurdag 13.12 vart Førdehuset fylt av liv, aktivitetar og mykje god julestemning – og det er takka vere alle som kom, deltok og var med og skapte dagen. Vi håpar både små og store gjekk heim med varme kjensler og litt ekstra jul i kroppen ❤️

Ei stor takk òg til samarbeidspartnarane som gjorde arrangementet mogleg:

– Sunnfjord bibliotek
– Friskliv og frivilligsentralen i Sunnfjord
– Kultur og Ungdom i Sunnfjord kommune
– Idrett og friluftsliv i Sunnfjord kommune
– Førdehuset
– Førdehuset Mat
– Midtre Sunnfjord husflidslag

📸 Her deler vi nokre bilete frå dagen.

No ønskjer vi alle ei god og fredeleg jul, og minner om at Sunnfjord kulturskule startar opp att 5. januar 2026.

Takk for i år – vi gler oss til å sjå dykk igjen på nyåret 🎶